Totalt antall sidevisninger

søndag 29. mai 2011

Småplukk

Er ikkje mye å ta bilder av når været er så grått, og formen til fotografen deretter.....så det blir kun å gå nett utfor nåvi å knipse litt her og litt der.
Her er noko av det eg klarte å fange med 70-300 mm linsa mi.






lørdag 28. mai 2011

Høglandsfe på rømmen!

Så klarte dei det igjen, disse høglandsfea......ja, å bryte seg ut fra innhenginga. Men egentlig så syns eg det ikkje er noko rart heller, med tanke på at graset er så mykje grønnare på andre sida av gjerdet.
Hadde eg vore ei høglandsku, så hadde eg nok gjort akkurat det samme, for eg må ærlig seie at det hadde frista lite med ein rundballe når det veks så friskt, grønt gras på bøen utanfor inngjerdinga.
Dei ser nok fram til å få skifte beite, men det blir nok ikkje gjort før siste kyra har fått sin kalv!

Når drengen er inaktiv, så får eg gå inn som vikar. Mange ville vel sagt budeie om det, men det passer ikkje meg, sia disse ikkje blir melket av oss tobeinte.






.



onsdag 25. mai 2011

Skotske høglandsfe

HENNES MAJESTET DRONNINGA PÅ HAUGEN FØLGER MED

Det begynner å skje litt på garden Ospesete no når høglandsfea begynner å kalve. Den 22.mai såg 3 søte små høglandskalver dagens lys og den 23.mai kom nr 4. I dag, 25.mai, såg kalv nr 5 dagens lys. Den har eg enda ikkje fått tatt bilde av. Det får komme seinare.
Da er det kun ei kyr til som skal kalve....om det er dronninga på haugen, er eg no litt usikker på.
Mandag 23.mai måtte eg ha meg ein runde ned på vinterbeite for å sjekke kalvene, til tross for at eg var stappe forkjølet og hadde feber, og ute plasket regnet ned. Drog med meg kamera, i tilfelle eg fikk eitt blikk av dei.
Og som bildene viser, så blei både mødre og barn foreviget.


Berre nokre timer gammel, men allerede oppe og går.




To av fjorårskalvene

Dei er no skjønne disse små høglandsfekalvene


Hjort

No er det nokre dager siden eg oppdaterte bloggen, men det har liksom ikkje vore så mykje som har skjedd og været har heller ikkje vore så veldig bra den siste tiden, så eg har ikkje fått komt meg så mykje ut med kamera.
Det har gått 3 hjorter på bøen nedenfor huset, og dei har eg fått foreviget med bilder. Hjorter er egentlig litt fasinerende dyr å sjå, og vi kan sitte her i stuen og beundre dei.
Når eg står nede på tunet og fotograferer dei, så aner dei at eg er der, for eg ser dei beveger på øyrene og ser mot meg. Dei høyrer nok lyden fra telezoomet.








tirsdag 17. mai 2011



Fikk besøk av prinsen Jonas og prinsesse Birthe i ettermiddag....og det syns eg var så koseleg, siden eg valgte å holde meg heime i dag....:-)




torsdag 12. mai 2011

Leik med vatn!

Eg har mang ein gong prøvd meg på å få klare fine bilder av dråper, men det er noko som ikkje er enkelt. Det som er så kjekt er at ein kan leike seg sjølv om dråpene ikkje er heilt 100% klåre. Dei bilda eg har lagt ut, har gått igjennom en liten runde i eitt fotoredigeringsprogram og blitt til fotokunst.




tirsdag 10. mai 2011

Kobling av bilder



I tillegg til å ta bilder, så liker eg å leike meg med bilder òg.....f.eks koble bilder sammen, slik som dei bilda over, eller lage til montasjer slik som med de bildene eg har under her.







søndag 8. mai 2011

Himmelen var farget rød i kveld 8.mai

Når eg no drog heim fra klubb i kveld, fikk eg nesten hakaslepp når eg lot blikket gå opp på himmelen. Den var i brann....så utrolig flott rødfarge låg som ei stripe framme i Sogndalsdalen. Måtte ta eitt lite stopp for å ta bilde, selvfølgeleg var batteriet i mitt lille kompaktkamera tomt, så eg tok ett par bilder med mobilen....dei var ikkje så bra.
Når eg kom heim så hadde eg knapt tid å hive av meg skoene, for så å springe opp å hente speilrefleksen, hive seg ut i hagen for å fange opp fargene før de forsvant. Nokre av bildene blei eg godt fornøgd med, og dei deler eg her på bloggen.
Eg veit av erfaring at slike farger på himmelen kommer fort, men dei forsvinner også like fort...så ein må være rask!!!




Besøk av Jonas

JONAS
I dag, 8.mai, har vi hatt besøk av prinsen til mommom, Jonas. Siden været var så fint, så måtte vi være ute i hagen litt medan middagen sto å putra på ovnen. Og dei som kjenner meg, veit at eg ikkje klarer å dy meg, kamera måtte eg ta fram for å ta bilder av prinsen.. Det er ikkje alltid han er lika fotogen, men når me gjere det til ein leik, så er han ikkje vanskeleg å be. Resultatet ser dykk under er:





7.mai 2011

I dag har eg brukt ettermiddagen på kne i hagen på leit etter motiv....dette var det eg fanget opp. Vinteren har så vidt slept taket, så det gror ikkje så veldig mykje enda. Men ved å bruke øynene både framme og bak, så er det faktisk mykje ein kan ta bilder av.....det er egentlig berre fantasien som kan setja ein stoppar for kva eg tek bilde av.
Da eg sat å såg på dette bildet over her, ved første augekast, så ligna kongla litt på han Ludvig i Flåklypa....